Fagmøte om frukttrekreft på Njøs (biblioteket) torsdag 23. oktober kl. 17-19

Gjennom FriskeTre prosjektet v/Jorunn Børve, Bioforsk Ullensvang, inviterar vi
fruktdyrkarar til fagmøte med tema frukttrekreft. Med oss på møtet deltek forskar
Roland Weber frå forskingsstasjonen Jork ved Hamburg og Arne Stensvand frå
Bioforsk plantehelse.

Vi ser at frukttrekreft er eit aukande problem i mange hagar. Ikkje berre i eldre plantingar,
men også i nyplanta felt er denne tresjukdomen påvist i tidlegare besøksrunder hjå dyrkarar i
Sogn og Nordfjord. På dette møtet blir det høve til å lære meir om frukttrekreft; både om
identifisering, førebyggjing og bekjemping.
Enkel servering med ettermiddagskaffi og litt å bite i.