Haustetilrådingar 1.10.2012

Det er teke ut prøvar frå Feios, Fresvik, Vangsnes, Balestrend, Sogndal og Lærdal.
Det vart berre teke prøvar av Aroma og Raud Aroma.
Dette er siste haustetidsvurdering i år.

Summerred.

Det meste er komme på lager. Siste innleveringsdato vert fredag 5. oktober. Dette fordi modninga er kommen langt.

Raud Gravenstein

Mykje er komme inn på lager av denne sorten og, men det er framleis att ein del. Viktig å få hausta denne sorten og i rett tid.

Aroma/ Raud Aroma

Verdiane og grunnfargen tilseier at ein kan byrja å plukka utor også på seine plassar. Sorten bør haustast i minst 2 omgangar. Hugs grunnfargen på minimum 3 på fargemalen. Dekkfarge på Aroma skal vera 20% og raud aroma 50%.

Rubinstep

Det er teke prøve prøve på Slinde og Leikanger. På Slinde kan ein starta med forsiktig utorhausting, men sorten heng fast på trea og tåler å henja litt til. Haustast etter Aroma.

Pærer

Mesteparten av pærene er innkomne og ferdigpakka. Siste innleveringsdato onsdag 3. oktober.


Tilråding frå NLR