Informasjonsmøte Innovasjon Noreg

Sognefrukt har fått mykje  tilbakemelding om at det er vanskeleg å koma i gang/sende inn søknad til Innovasjon Noreg  om plante og ryddetilskot.
Med stor planting av frukt i vårt område er det viktig at de får sendt inn søknad i rett tid.
Vi vil difor kalle inn til møte for at de skal få litt hjelp angåande dette.

 Stad: Kommunesalen i Tinghuset på Leikanger.

Tid: Måndag 11. november kl. 18.00.

 Med oss på møte blir
Vemund Aaretun frå Innovasjon Noreg
Eva Huke frå Kommunen
Marianne og Stine frå NLR vil og vera med.

 Vi håpar på godt frammøte.