Studietur til Hardanger 31. mai - 1. juni

Sognefrukt og Innvik Fruktlager i samarbeid med NLR Sogn og Fjordane har no planlagt studietur til Hardanger.

Fredag går turen til Kinsarvik der vi besøker nokre dyrkarar og ser på eple, pære og plomme. Endre Bjortveit frå Norsk Fruktrådgiving Hardanger vil her visa oss rundt.

Overnatting på Kinsarvik Fjordhotel frå fredag til laurdag.

Laurdag tek vi ferja over til Utne og besøker Tomas Hesthamar. Han driv som fruktbonde med eple, plomme og morell. I tillegg driv han planteskule saman med Vidar Jåstad. Dei har levert ein stor del av plommetrea som er planta i vårt distrikt dei siste åra. Det vert i tillegg lagt opp til ei omvising på Hardanger Fjordfrukt som pakkar og leverar til GH/Bama og Coop.

Detaljert program vert sendt ut seinare.

Turen vert organisert med buss frå Stryn (0615) – Innvik (0700) – Byrkjelo (0730) – Sogndal (0850) - Hamre/fruktlageret (0915) – Hella (0940) – Vinje (1045) – Kinsarvik (1300)

Oppsette tider er førebels og ca. tider.

Deltakarar frå Balestrand må ta ferja 0925 frå Dragsvik og går på bussen på ferja vidare til Vangsnes.

Deltakarar frå Lærdal må velja Sogndal eller Vinje for å gå på bussen.

 Eigenandel for turen er sett til kr 900,-. Det inkluderer bussturen, overnatting, lunsj/ middag fredag og frukost/ lunsj laurdag.

Påmelding til post@sognefrukt.no eller tlf 57 65 34 77 innan 29. april.

Dei som reiser fleire i lag gir melding om dei vil ha enkelt eller dobbelrom ved påmelding.

Vi håpar på god oppslutning om turen.