Informasjonsmøte i bruk av fruktklienten 25.11.2015

Det vert informasjonsmøte på Sognefjord Hotell onsdag 25. november kl. 16.30-19.00

Gunnhild Jaastad frå FMLA Hordaland og Jarle Haustveit frå Hardanger Fjordfrukt vil her gå gjennom ein del moglegheiter i fruktklienten. Det er komme til nokre nye funksjonar siste året som kan vera til hjelp å sjå kor effektivt ein driv.
Fylkesmannen i Hordaland har starta opp eit prosjekt som har som mål «Auka volum og omsetting av økologisk og konvensjonell frukt ved hjelp økonomiske rettleiingsverkty retta mot den enkelte dyrkar, og prognoseverkty for volum og haustetid retta mot pakkeri og omsettingskanal»

Me kjem til å gå gjennom følgjande tema.

1. Informasjon som produsenten er ansvarleg for å leggja inn.
  • Personopplysingar
  • Dokumentering av sprøyting og gjødsling
  • Innmelding av frukt.
2. Informasjon som fruktlageret gir tilbake til dyrkaren
  • Sorteringsresultat
  • Tal som skal brukast i samband med søknad om Tilskot
  • Avrekningar
  • Analyse av produsenten sin produksjon samanlikna med andre
3. For dei fruktlager som har driftsmiddelsal kan klienten brukast til å bestilla varer.