Invitasjon satsing nye pæresortar

Invitasjon til satsing på nye pæresortar

Graminor og Njøs næringsutvikling ynskjer å bidra til ein ny giv på pære. Graminor har utvikla 2 nye pæresortar som det er knytt store voner til også internasjonalt, men det må gjerast ein stor jobb for å få snudd marknaden for norske pærer. I Hardanger er det planta om lag 200 daa ’Ingeborg’ som vert selt gjennom ICA-systemet, medan det har vore ei viss planting av ’Clara Frijs’ i Sogn. Dette er ikkje tilstrekkeleg for å koma på offensiven med norske pærer, så ein ynskjer no å koma i gang med ei målretta satsing på nyplanting av ’Celina’ og ’Kristina’. Planting av nye sortar har alltid ein viss risiko, og med moderne plantesystem er det høge kostnader knytt til etablering av felt. Difor ynskjer me også få med omsetnadsleddet i eit prosjekt saman med dyrkarane.
Det har vore mange vonbrot knytta til pærer dei siste 30-40 åra. Satsinga på nyplanting på 1980-talet, med betydeleg offentleg medfinansiering, gav fornying av hagane, men marknaden tok ikkje så vel imot pærene. Satsinga på pære til juice-produksjon såg ut til å kunna vera ein opning for å tena pengar på Philip og Moltke att, men så møter også denne satsinga motbør på grunn av marknadssituasjonen. Me må vel vera so ærlege å innsjå at desse sortane ikkje er konkurransedyktige med importert Conference. Derimot er både Ingeborg og Clara Frijs betydeleg meir konkurransedyktige i kvalitet, og dette er sortar som vil halda ei tid framover. Graminor vurderer likevel dei to nye sortane som eit betydeleg framskritt, og at dei er tydelegare å kommunisera som norske i marknaden. Våre internasjonale samarbeidspartnarar set Celina desidert på topp, og det kjem til å bli planta mykje av denne i åra framover om alt går etter planen.
Me har vore i kontakt med Bioforsk Vest Ullensvang, som gjerne vil bidra i ei ny satsing på pære, og det same gjeld Norsk landbruksrådgiving. Det er likevel bransjen som må gå i front for å få dette til, for dei andre organisasjonane er berre ”smurning i maskineriet”. Norsk pæredyrking ligg så langt nede at det er nyttelaust å få i gang nysatsing om ikkje trykket kjem frå næringa. Omsetningsleddet er ikkje udelt positive til norske pærer, så det er produsentane som må ta tak i utfordringa, og då dei som har tru på at pæredyrking kan vera noko ein kan tena pengar på i åra som kjem.
Det er 3 store pæremottak på Vestlandet: Sognefrukt, Hardanger fjordfrukt og Ullensvang fruktlager. Ein kan sjå føre seg at det vert danna klyngjer av produsentar ved kvart av desse mottaka, som får ekstra oppfylgjing, og at det vert laga ein type prosjektorganisasjon der fruktlagera styrer prosjektet og legg premissane for FoU-oppgåver og andre tiltak. I fyrste omgang ynskjer ein å kartleggja om det er tilstrekkeleg interesse hjå produsentane til å gå i gang med ei slik satsing. Det bør truleg vera 4-5 produsentklyngjer med minst 2 produsentar i kvar klyngje, for å realisera prosjektet.
Produsentar som er intressert kan ta kontakt med Sognefrukt.