Celina møte på Sognefrukt 6. feb. kl. 17.00

Celina dyrkarane med rådgjevarar blir med dette invitert til ein fagkveld på fruktlageret med tema Celina pære dyrking til opplysning og inspirasjon. Med oss på møtet har me i NLR fått flinke krefter frå Njøs Frukt og bærsenter og NiBiO Ullensvang. Det blir enkel servering. 

Håpar at du/de har tid og lyst til å vera med oss denne ettermiddagen!

Program:

17.00: Velkommen ved Sognefrukt/NLR og enkel servering
17.15: Stein Harald Hjeltnes snakkar om blomstring, pollinering og fruktsetjing.
17.45: Mekjell Meland snakkar om rett hausting og lagring for Celina.
18.15: kort beinstrekk og påfyll i kopp/mage
18.30: NLR legg fram første utkast til dyrkingsrettleiing for Celina og viser lysbilete frå studieturartil Belgia i 2015 og 2016
19.00:  Kort om planar kring Celina i år 2017 frå NLR og Celina prosjektet + evt. spørsmål

Aad Wisse kjem tilbake 7. og 8.mars og begge dei to dagane blir det bolkar med fokus på skjering i Celina. Me tek difor ikkje skjering som tema på dette kveldsmøtet.