Haustetidsvurdering 05.09.2018

Dicovery

Det hastar no med sluttplukking også på seine plassar. Meld inn snarast og seinast fredag.

Summerred

Hovedhaustinga er no i full gang. Pass på fastleiken. Mykje tyder på at modninga går raskt.

 

Gravenstein

Det er teke prøvar på Slinde, Sogndal og Vangsnes. Det er klart for utorplukking alle stadar.

Aroma

Det er teke prøvar på Vangsnes, Leikanger, Slinde, Ylvisåker, Sogndal og Fresvik. Det er stor forskjell på tidege og seine plassar. På tidlege plassar og særleg der det er liten avling kan ein vudera utorplukking i helga. Her må de gjera eigne vuderingar på kor langt frukta er kommen og sjekk at grunnfargen er på plass. Med dei temperaturane me har no går utviklinga raskt så pass på.
Her vert det teke nye prøvar kommande måndag.

Celina

Denne er langt kommen og må haustast ferdig no. Siste innmelding fredag.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her