Haustetidsvurdering 08.08.2018

Sognefrukt og NLR har  starta opp att med uttak av prøvar for å vurdera haustetidspunkt.

Discovery

Det er teke prøvar på Vangsnes, Leikanger, Slinde og Sogndal. Dekkfargen kjem fint, men epla er enno uferdige og manglar også ein heil del på grunnfarge.
Nye prøvar vert teke kommande tysdag.

Clara Frijs

Det er teke prøve på Slinde. Utviklinga går raskt og ser ut til å vera litt tidegare enn Discovery. Kan verta klar for utorplukking i slutten av veke 33.
Nye prøvar vert teke kommande tysdag.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her