Haustetidsvurdering 11.9.2017

Discovery

Det er teke prøve på Vangsnes. Den visar at det er hausteklart. Viktig med god haustekapasitet no for å få epla raskt inn på lager.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes. Prøvane syner at ein kan byrja med forsiktig utorplukking på tidlige plassar mot helga. Det vert teke nye prøvar på seine plassar kommande måndag.

Raud Gravenstein

Det er teke prøvar på Leikanger, Sogndal og Vangsnes. Det er ikkje hausteklart og nye prøvar vert tekne kommande måndag.

Clara Frijs

Det er teke prøve på Slinde og Nornes, begge på kvede C. Prøvane visar at det er klart for utorplukking.

Celina

Det er teke prøve på Slinde (Brokmal) og Nornes (Kvede C). Prøvane visar at dei må hengja litt lenger. Nye prøvar på kommande måndag.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her