Haustetidsvurdering 14.08.2018

Discovery

Det er teke prøvar på Vangsnes, Leikanger, Slinde og Sogndal. Er klar til utorplukking på tidlege stader over helga. For seinare stader (Sogndal, øvst på Slinde, Vangsnes og Ylvisåker) vert det teke nye prøvar i neste veke.
Nye prøver tysdag.

Summerred

Det er teke prøve på Leikanger og Slinde. Det er for tidleg å hausta. Nye tysdag.

Clara Frijs

Det er teke prøve på Slinde.
Clara Friis er klar til utorplukking! Fastheita har gått raskt ned og pærene er begynt og bli saftige. Brockmal er meir klar enn på Kvede.

Celina

Det er teke ein prøve på Slinde. For tidleg å hausta. Nye prøvar tysdag

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her