Haustetidsvurdering 14.09.2020

Clara Frijs

Denne må haustast ferdig no og må vera innlevert seinast fredag.

Celina

Det er teke ein prøve på Ølmheim. Det er no hausteklart alle plassar og alt bør haustast denne veka. Siste innlevering på måndag.

Discovery

All discovery må vera innmeldt til henting seinast fredag.

Summerred

Det er teke ein prøve på Ølmheim. Det er no hausteklart alle plassar. Denne bør raskt inn på lager då utviklinga har gått fort siste tida.

Raud Gravenstein

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Ylvisåker. Det er klart for starthausting på tidlege plassar og fram mot helga på dei senare plassane.

Raud Aroma

På tidlege plassar kan de starta med utorhausting mot helga. Seinare plassar kan venta på nye prøvar som vert tekne måndag.
Det er viktig at de tek eigne prøvar og føl med på utviklinga i egen hage.