Haustetidsvurdering 18.9.2017

Discovery

Hovudhaustinga er no unnagjort dei fleste plassar. Slutthaustinga bør gjerast i løpet av denne veka. Siste innmelding blir måndag 25. september.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes. Det manglar enno litt på sukker og grunnfarge på seine plassar, men alle bør no starta med utorplukking. For dei som har både Summerred og Gravenstein må de prioritera Summerred først.

Raud Gravenstein

Det er teke prøvar på Leikanger, Sogndal og Vangsnes. Det er no klart for utorplukking på tidlige plassar. Seinare plassar kan starta mot helga.

Aroma

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Feios. Det er ikkje hausteklart enno, men frukta har utvikla seg mykje siste veka. Nye prøvar vert teke kommande måndag.

Clara Frijs

Hovedhaustinga er i gang og bør prioriterast denne veka.

Celina

Det er teke prøvar på Leikanger og Slinde. Desse er no hausteklar.
Pakking av pære startar i midten av neste veke og vil vera sluttpakka i løpet av ei veke. Da må alt vera på lager til måndag 2. oktober

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her