Haustetidsvurdering 22.8.2018

Discovery

Det er teke prøve på Vangsnes, Slinde og Sogndal. Det er klart for utorhausting alle stadar utanom seine stadar som Sogndal og Vangsnes. Seine stadar kan ta til rett over helga.
Det vert ikkje teke fleire prøvar. Viktig å komma i gang med haustinga der det er klart.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. På tidlige stadar kan de starta utorplukking rundt kommande helg. På seinare må venta til nye prøvar er tekne.

Gravenstein

Det er teke prøve på Leikanger, Slinde og Sogndal. Er ikkje hausteklar enno. Nye prøvar vert teke tysdag.

Clara Frijs

Haustinga er i gang alla stadar.

Celina

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Ølmheim. Det er klart for utorplukking på Hamre. Andre kan venta til nye prøvar er tekne tysdag.


For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her