Haustetidsvurdering 25.9.2017

Discovery er no slutthausta og innmeldt til lager. Summerred og Gravenstein må prioriterast ferdighausting raskt. Med dei høge temperaturane som er no skjer ting fort. Pass på at modninga ikkje kjem for langt.

Aroma/ Raud Aroma

Det er teke prøvar i Fresvik, Feios, Vangsnes, Leikanger, Slinde og Sogndal. På tidlige plassar kan de starta med utorplukking. Seinara plassar kan venta til mot helga. Stivenedbrytinga er godt i gang, men det manglar litt på grunnfargen på seine plassar.
Med dei høge temperaturane me no har går utviklinga raskt. Pass på å ha nok haustekapasitet.

Rubinstep

Det er teke prøve på Slinde. Denne er ikkje hausteklar enno. Nye prøvar vert teke kommande måndag.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her