Haustetidsvurdering 26.9.2022

Summerred og Gravenstein

Desse må vera ferdig hausta og innmeldt seinast til måndag.

Raud Aroma

Det er teke prøvar i Feios, Slinda og Ylvisåker. Hausteklart alle plassar no. Utviklinga er kommen langt og det har gått raskt. Viktig å komma i gang fort med haustinga no.

Eden

Det er teke prøve på Leikanger. Denne er hausteklar no.

Rubinstep

Det er teke prøve på Slinda. Den er ikkje hausteklar. Nye prøvar måndag.

Fryd

Det er teke ein prøve på Leikanger. Den er ikkje hausteklar. Nye prøvar måndag.

 

Celina

Denne er no ferdighausta.


For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her