Haustetidsvurdering 28.08.2017

Sognefrukt og NLR har  starta opp att med uttak av prøvar for å vurdera haustetidspunkt.

Discovery

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal.
Enkeltfelt på tidlige stadar kan starta forsiktig utorplukking mot helga. Pass på at grunnfargen er på plass.
Det vert teke nye prøvar kommande måndag.

Clara Frijs

Det er teke ein prøve  på Slinde. Denne er ikkje hausteklar. Nye prøvar vert tekne kommande måndag.

Celina

Det er teke ein prøve på Slinde. På denne prøven ser det ut til at celina er kommen litt lenger i utviklinga enn Clara Frijs. Dette året må vi vera obs på trykkfastleiken. Nye prøvar vert tekne kommande måndag.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her