Haustetidsvurdering 30.8.2021

Discovery

Det er teke prøvar på Vangsnes og Fimreite. Det er hausteklart alle plassar. Alle bør hausta ferdig denne veka.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Nornes, Ølmheim og Sogndal. Det er klart for utorplukking alle plassar. Det er svært viktig at Summerred ikkje blir sluppen for langt ned i fastheit, då denne mjølnar lett og utviklinga skjer svært raskt så varmt som det er no. Fruktlageret ynskjer difor at de kjem i gong me plukking heller litt for tidleg enn for seint!

Gravenstein

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Nornes. Raud Gravenstein har enno litt igjen både i fargeutvikling og stivenedbryting, men utviklinga vil nok skje raskt så ein kan bu seg på utorplukking over helga. Nye prøvar blir teke på måndag.

Rau Aroma

Det er teke prøvar på Leikanger Ljøsne. Desse har litt att før den er hausteklar. Nye prøver vert tekne måndag.

Pære

Haustinga er i full gang og bør vera ferdig denne veka.

For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her