Haustetidsvurdering 6.9.2021

Summerred

Det er teke ein prøve på Ølmheim. Haustinga er i full gang og det modnar raskt så det er vel berre å fortsetja haustinga.

Eden/ WUR6

Ny sort som vi ikkje kjenner så godt. Det er teke prøve på Leikanger og Slinde. Epla er faste, men fargeutviklinga er god. Ref og stive tilseier at det er hausteklart.

Gravenstein

Det er teke prøvar på Vangsnes, Leikanger, Slinde, Nornes og Ylvisåker. Det er like langt komme på dei seine plassane som det som vert rekna som tidlege. Litt lite grunnfarge, men dei andre verdiane tilseier at det kan startast med hausting. Det er viktig å få plukka utor det som er lengst komme.

Aroma

Det er teke prøvar i Fresvik, Feios, Leikanger, Ylvisåker og Lærdal. Sjølv om det manglar litt på fargeutviklinga, så er modninga komme langt dei fleste plassar. Sjekk utviklinga i eigen hage. For mange er det klart til å starta med utorhausting. Det er viktig å komma i gang for å unngå at epla er mjuke før dei kjem inn. Denne sorten skal tola lagring til ut i november før det er ferdig pakka.

Rubinstep

Det er teke prøve på Slinde. Denne er ikkje hausteklar.
Det vert teke nye prøva på kommande måndag


For meir utfyllande informasjon kan de lasta ned rådgivinga til NLR her