Hausterunde 14.9.2010

Haustetilråding 14. september 2010

 

Rådgjevingstenesta har samla og vurdert fruktprøvar saman med Njøs næringsutvikling i Sogn den 3., 9. og 13. september. Det vil bli teke nye prøvar måndag 21. september som vil bli analyserte den 22. september. Ut frå innsamla prøvar har ein kome fram til fylgjande tilrådingar:

Discovery

Det vart vurdert 3 prøvar den 3. september og 3 prøvar den 9. september. Refraktometerverdien var over 10 på alle prøvar alle datoar, og ein del er over 11. Kvaliteten er god, og fruktene er klar for hausting. Smak på epla som dobbelsjekk, og sjå i kassen at fruktene ser fine ut.

Clara Frijs

Det er vurdert 3 prøvar den 3.09 og 4 den 9. september. Frukt på tre som er poda på kvede A er komne så langt at dei må haustast snarast! Frukt frå tre på frøstamme er ikkje komne fullt så langt. Dyrkarane må sjølve vurdera hagen, og smaka på pærene før hausting vert sett i gang. Kvaliteten er fin.

Gravenstein

Det vart vurdert ein prøve den 3.09, 3 prøvar den 9.09 og 3 prøvar den 14.09. Me har vurdert frukt frå ulike grunnstammer, og det viktig at dyrkarane er merksame på at utviklinga er tidlegare på svake grunnstammer (M9) og tre med lita avling. Refraktometerverdien ligg stort sett rundt 10, og fastleiken rundt 8. Det er også att mykje stive, slik at Gravenstein dei fleste stader toler å hanga til godt ut i neste veke.

Summerred

Det vart vurdert ein prøve den 3.09, 4 prøvar den 9.09 og 3 prøvar den 14.09. Refraktometerverdien på Summerred ligg mellom 11 og 12, og kvaliteten blir svært god. Fastleiken er over 8 kg og det er att mykje stive. Utorplukking av dei beste fruktene kan starta rett over helga, og det vil koma ny vurdering den 22. september.

Moltke

Det vart vurdert ein prøve den 3.09, 5 prøvar den 9.09 og 4 prøvar den 14.09. Det er stor skilnad på refraktometerverdien mellom hagar, men nivået er kring ein prosent over 2009. Såleis vil kvaliteten på pærene bli fullt akseptabel i år. Fastleiken ligg rundt 7,5 kg, og det er att ein del stive. Det hastar såleis ikkje med plukking av Moltke, og me tilrår at det blir venta med hausting til neste veke. Hausting av seine felt som t.d. sørsida, Fimreite, Nornes og Hermansverk, bør ikkje starta før etter at ny tilråding er gitt.

Philip

Det vart vurdert 4 prøvar den 1.-3. september, 5 prøvar den 9.09 og 5 prøvar den 14.09. Refraktometerverdien i Philip er jamt over lågare enn Moltke, men her er meir stive i fruktene, så kvaliteten vil likevel etter alt å døma bli god.  Det er større sprik i Philip enn i dei andre sortane, men hausting bør ikkje ta til før etter den 20. september i nokon felt. Ny vurdering vert gitt i tilrådinga den 22.september.

Aroma

Det vart vurdert 2 prøvar med Aroma for å vurdera korleis den ligg i løypa, og denne sorten vert fylgd utover. Begge prøvane hadde refraktometerverdiar over 10, og stivenedbrytinga er så vidt komen i gang. Fruktene er enno svært faste. 

NB! Liste over tilrådde refraktometerverdiar og fastleik for dei ulike sortar er lagt ut på Sognefrukt sine heimesider. Bruk desse tilrådingane når du gjer vurdering av hausting i eigen hage! Hugs på at refraktometerverdi ikkje må brukast som einaste haustetidskriterium, då det fortel om kvaliteten og ikkje så mykje om utviklinga. Det må sjåast i samanheng med fastleik og stive-innhald.

HUGS! Ta med måleutstyr og frukt til samlinga på Sognefrukt torsdag 16. september for å læra bruk og sjå resultat på eiga frukt!

Haustetilråding 14.september 2010     Aggregerte data 14.09.2010

Marianne Bøthun

Olav Sørum

Liv Hatleli

Stein Harald Hjeltnes

Torbjørn Takle