haustetidstilråding 27.8.2012

NLR Njøs saman med Sognefrukt er no starta opp att med uttak av prøvar for vurdering av haustetid. Det kjem til å verta teke prøvar kvar mandag fram til 24. sept. Resultata vert lagt ut i løpet av kvar tysdag.
Syner til grendamøter i vinter om korleis start og mengder levert Sognefrukt i forhold til andre distrikt viste at vi starta forseint. Dette vil vi prøva å gjera noko med. På den måten kan vi levera meir i starten av sesongen.

Det vert arrangert fagdag kjernefrukt på Sognefrukt onsdag 12.sept.

Dette vert i samarbeid med NLR Njøs og kulturansvarlig Knut Amund Surlien og frå GPS kjem Bjørn Eidhamar. Program  vert lagt ut seinare.

Tilrådingar

Discovery

Det vart teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. Frukta har byrja å få fin raudfarge og grunnfargen har og byrja å komma på plass. På dei tidligaste plassane kan de forberda å starta utorhausting tidlig i neste veke. Nye prøvar neste veke.

Klara Frijs

Det vart tek ein prøve på Slinde der alle verdiar viser at det er foe tidlig å hausta. Avlinga her ligg an til å verta gjevn og fin. Nye prøvar neste veke.

Summerred

Første prøvetaking kommande mandag.

Her er tilrådingane frå NLR