Tilrådingar
Discovery
Her er det hausteklart alle plassar. Det er viktig at de set i gang haustinga på denne sorten snarast. Det er eit stort sug i marknaden etter eple.Summerred
Det er teke ut prøvar i Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes. Verdian visar at utorplukking kan ta til på tidlige stadar mot helga. Pass på grunnfargen.Rau Gravenstein
Det er teke ut prøvar på Slinde, Sogndal og Vangsnes. Verdiane tilseier at Gravenstein enno ikkje er hausteklar, men ein kan førebu seg på å starta utorplukking på tidlige plassar rett over helga.Aroma/ Rau Aroma
Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. Ikkje hausteklar ennå. Nye prøvar vert teke kommande mandag.Clara Frijs
Det vart teke ein prøve på Nornes. Hausteklar alle plassar.Her er tilrådingane frå NLR
Viss nokon treng haustehjelp kan de ta kontakt med fruktlageret for eventuelt leige av hjelp.