Haustetidsvurdering 24.8.2016

Sognefrukt og NLR har starta opp att med uttak av prøvar for å vurdera haustetidspunkt.
I forhold til fjordåret er denne sesongen ca 14 dagar tidligare.

Discovery

Det er teke prøvar av Discovery på Leikanger og Slinde. Det manglar litt på både grunnfarge, fastleik og stive. Det vert teke nye prøvar måndag og slik det ser ut no kan det bli haustestart rundt månadsskiftet.

Clara Frijs

Det er teke ein prøve på Slinde. Denne er ikkje hausteklar. Nye prøvar vert tekne måndag.
Det vert lagt opp til prøvetaking kvar måndag med publisering påføljande tysdag i tida framover.

For meir utfyllande info sjå NLR sin tilråding her