Haustetidsvurdering 27.9.2011

Clara Frijs og Discovery

Desse er avslutta og ferdigpakka.

Haustpærer

Moltke og Philip er hausteklar alle plassar og bør inn på lager snarast.
For å få rasjonell pakking bør alle pærer inn i veke 39.

Summerred

Bør haustast snarast. Alt bør inn på lager denne veka.
Pass på trykkfastheita.

R. Gravenstein

Hausteklar alle plassar.

Aroma

På tidlige stadar og unge tre/ svake grunnstammar kan ein ta til med utorhausting.
Pass på at epla har grunnfargen.

Her er tilrådinga frå landbruksrådgivinga