Discovery
Utorplukking er godt i gang på tidlige plassar og er no klar for utorplukking på seinare plassar.Summerred
Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes.Det er mykje fin frukt, men prøvane visar at det enno er litt tidlig for hausting. Med dette gode været reknar vi med at det kan startast med utorplukking over helga/ midt i neste veke på tidlige plassar.
Raud Gravenstein
Det er teke prøvar på Slinde, Sogndal og Vangsnes.Denne sorten er ikkje hausteklar enno. Vert teke nye prøvar neste veke.
Clara Frijs
Denne sorten er haustinga i full gang. Viktig at den kjem inn på kjøl snarast. Pass på at det vert slutthausta før pærene mjuknar.Her er tilrådingane frå NLR