NLR Njøs saman med Sognefrukt er no starta opp att med uttak av prøvar for vurdering av haustetid. Det kjem til å verta teke prøvar kvar mandag fram til 23. sept. Resultata vert lagt ut i løpet av kvar tysdag.
Det er viktig å komma i gang med haustinga i rett tid. Dette er ein god gevinst for dyrkarane sidan det er underdekning i marknaden i starten av sesongen.
Tilrådingar
Discovery
Det vart teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes.
Frukta har byrja å få fin farge. Fruktene er likevel for faste og har mykje å gå på når det gjeld stive. Sukkerinnhaldet må også verta høgre før hausting.
Nye prøvar vert tekne mandag 9. september.
Clara Frijs og Summerred
Det er teke ein prøve av kvar sort. Alle verdiar syner at det er for tidlig å starta haustinga.Fleire prøvar vert teke 9. september
Her er tilrådingane frå NLR