Haustetidsvurdering 30.8.2016

Tilrådingar

Prins

Det er ikkje teke prøvar av prins. Desse bør no vera hausteklar.

Discovery

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes. Frukta har fått flott raudfarge og grunnfargen er i ferd med å koma på plass, sistnemde skal vera minst C3 på fargemalen.

På Slinde bør epla henga litt lenger for å få omdanna meir stive til sukker. På Vangsnes er epla enno for faste. Begge sistnemde stader og i Sogndal bør ein difor først ta til med å plukka utor mot helga/over helga.
Det vil ikkje bli teke fleire prøvar for Discovery i år.

Summerred

Det er teke  prøvar på Leikanger, Slinde, og Vangsnes.
Det er enno for lågt sukkerinnhald på epla og grunnfargen er for grøn, så epla må henga enno litt tid. Utviklinga syner likevel at hausting vil følgja hakk i hel på Discovery.
Det vert teke nye prøvar på måndag.

Clara Frijs

Det er teke prøvar i eit felt på Slinde og eit felt på Nornes.
Pærene er enno for faste og har noko å gå på når det gjeld stive.

Nye prøvar vil bli teke på måndag, men på tidlege stader kan ein byrja bu seg på truleg hausting i veke 36.

Celina

Det er teke ut ein prøve på Slinde i unge tre på Kvede. Analysane viser at det er ei stund att til hausting av denne sorten enno.
Nye prøvar vert teke måndag.

For alle sortar må de vurdera utviklinga i eigen hage.

For meir utfyllande informasjon så kan de sjå NLR sin tilråding her