Haustetidsvurdering 30.9.2013

Aroma/ Rau Aroma

Det er teke ut prøvar frå Slinde, Leikanger, Sogndal, Vangsnes og Feios. Epla har utvikla seg mykje på ei veke på grunn av fint vær. Ein kan starta utorplukking på tidlige plassar fram mot helga. Pass på grunnfargen og utviklinga i eigen hage.
Den gule Aroma’en bør haustast i turrvèr, så planlegg slik at den haustast i finvèr/opplett. Den får ellers lett fingermerker frå haustinga.
Nye prøvar vert tekne på seine plassar neste måndag.

Her er tilrådinga frå NLR