Haustetidsvurdering 7.10.2013

Aroma/ R. Aroma

Det er teke prøvar i Sogndal, Vangsnes, Feios og Fresvik.
Det er no hausteklart alle plassar.
Pass på å hausta Gul Aroma i opphaldsvær. Dette for å unngå fingermerke og slagskade.

Rubinstep

Det vart teke ein prøve på Slinde. Det er ennå for tidlig å hausta denne sorten. Trulig må denne sorten hengja ei veke til.

Summerred

Denne må haustast ferdig og siste innmeldingsdato vert torsdag 10. oktober.

Dette er siste haustetilrådinga denne sesongen.

Her er tilrådingane frå NLR