Haustetidsvurdering 8.9.2015

Sognefrukt og NLR har starta opp att med uttak av prøvar for å vurdera haustetidspunkt. Sesongen dette året er sein i forhold til fjordåret.

Discovery

Det er teke prøvar av Discovery på Leikanger og Slinde. Det manglar litt på både grunnfarge, fastleik og stive.  Det er meldt godt vær denne veka så frukta kan utvikla seg raskt. Føl med i eigen hage på utviklinga. Nye prøvar vert tekne på kommande tysdag.

Clara Frijs

Det er teke ein prøve på Slinde. Denne er ikkje hausteklar. Nye prøvar vert tekne tysdag.

Det vert lagt opp til prøvetaking kvar tysdag med publisering påføljande onsdag i tida framover.