Haustetidsvurdering 9.9.2013

Tilrådingar

Discovery

Det er teke ut prøvar på Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes.
Epla har fått fin raudfarge og grunnfargen byrjar å komma på plass.
På tidlige plassar kan ein starta forsiktig utorplukking frå helga.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal.
Ikkje hausteklar denne veka.
Det vert teke nye prøvar kommande mandag.

Raud Gravenstein

Det er teke prøvar på Slinde og Sogndal.
Ikkje hausteklar denne veka.
Det vert teke nye prøvar kommande mandag.

Clara Frijs

Det er teke prøvar på Slinde og Nornes.
Truleg kan ein ta til med utorplukking på tidlige stadar rett over helga. Dette gjeld på kvede.
Det vert teke nye prøvar kommande mandag.

Alle tidligeple må inn på lager denne veka.

Her er tilrådingane frå NLR
Sjå også kvalitetsmanual for GH/Bama i dokumentsamlinga i fruktklienten.
Med det været me har no endrar ting seg raskt. Føl med på utviklinga i eigen hage.