Haustetilrådingar 10.9.2012

Det er teke ut prøvar frå Leikanger, Slinde, Sogndal og Vangsnes. Frukta endrar seg raskt no så følg godt med i eigen hage. Høg verdi på sukkerinnhaldet indikerar at kvaliteten på frukta vert svært bra.

Discovery

På tidlige og middels tidlige plassar bør/skal haustinga vera kommen godt igang. Sogndal kan og starta hausting no.

Rau Prins/ Kronprins

Har same haustetid som Discovery. Her bør ein hausta på tidlige og middels tidlige plassar. Det er spesielt viktig å få inn denne sorten i rett tid.

Summerred

Det er teke prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. Prøvane syner at ein kan starta utorhausting på Leikanger og Ytre Slinde (tidlige plassar). Sogndal bør venta til over helga. Nye prøvar 17.9.

Rau Gravenstein

Det er teke prøvar på Slinde og Sogndal. Fargen er byrja å komma på plass og fruktene heng laust. Epla er ikkje hausteklar enno, men ein kan førebu seg på starthausting i neste veke. Nye prøvar 17.9.

Clara Frijs


Det er teke ut nye prøvar på Slinde og Nornes. Fastheiten er ideell, sukkerinnhaldet er høgt
og stiveinnhaldet er no innanfor rettleiande verdiar. Utviklinga har dermed gått raskt! På
Slinde (og tidleg plassar) bør ein byrja å hausta. Nornes kan venta til mot helga.

På mandag 17.9. tek vi prøvar av Aroma/ Rau Arom for å sjå på utviklinga.

Tirådinga frå NLR