Haustetilrådingar 17.9.2012

Det er denne gangen teke ut prøvar på Vangsnes, Balestrend, Leikanger, Slinde og Sogndal.

Rau Prins/ Kronprins

Siste innleveringsdato vert fredag 21.9.

Discovery

Her er hovetyngda komme inn på lager, og vi reknar med at slutthausting vert i midten av neste veke.

Summerred

Det er teke prøvar på Vangsnes og Sogndal. På tidlige plassar reknar vi no med at hovudhaustnga er i full gang. Seinare plassar kan no starta utorplukking.

Raud Gravenstein

Det er teke ut prøvar på Slinde, Sogndal og Vangsnes. Resultata er ganske like i alle områder og det er klart for utorplukking.

Aroma/ Raud Aroma

Det er teke ut prøvar  på Leikanger, Slinde, Sogndal og Balestrand. For tidlig med hausting ennå. Nye prøvar mandag 24.9. Då vil vi og ta prøvar av Rubinstep.

Clara Frijs

Haustinga er her i full gang. Reknar med slutthausting ut i neste veke.

NLR tilråding