Haustetilrådingar 3.9.2012

Det vart teke ut prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. Me ser store endringar på frukta sidan sist veke. Høg verdi på sukkerinnhald indikerar at kvaliteten i år blir svært bra.
Nye produktspesifikasjonar på eple er lagt i Fruktklienten under dokumenter.

Discovery

Toppane og yttergreiner kan no starthaustast på dei tidligaste plassane på Leikanger og Slinde. Sogndal og Vangsnes kan førebu seg på starthausting over helga etter neste prøvetaking.
Pass på at grunnfargen er minimum 3 ifg. fargeskala Ctifl. Desse kan de få på fruktlageret.

Raud Prins/ Kronprins

Her er det ikkje teke prøver. Det er små mengder fruktlageret ventar inn av denne sorten. Vurder sjølve rett haustetid. Rett haustetid vil trulig vera rundt fyrstkommande helg.

Summerred

Det er teke ut prøvar på Leikanger, Slinde og Sogndal. Det er for tidlig med hausting, men slik vi ser det no kan de førebu haustestart i slutten av neste veke på tidlige plassar. Nye prøvar vert tekne mandag.

Raud Gravenstein

Det vart teke ut ein prøve på Slinde. Store frukter og fin raudfarge, men fruktene er enno faste og sukkerinnhaldet kan bli betre. Nye prøvar vert tekne mandag.

Clara Frijs

Det er teke ut prøvar på Slinde og Nornes. byjar å bli ideell, sukkerinnhaldet er høgt, men er enno litt for tidlig med hausting. Nye prøvar på mandag.

Tilrådinga frå NLR