Vurderingar 22.9.10

Haustetilråding 21. september 2010

Rådgjevingstenesta har vore samla og vurdert fruktprøvar saman med Njøs næringsutvikling i Sogn den 20. september. All frukta har hatt fin utvikling sidan det vart teke prøve forrige veke, og hausting av haustfrukta må ta til for fullt. Me har ikkje vurdert prøvar av Clara Frijs eller Discovery, då alle må vera godt i gang eller ferdige med desse sortane. Ut frå innsamla prøvar har ein kome fram til fylgjande tilrådingar for dei einskilde sortar:
Gravenstein
Det vart vurdert 4 prøvar frå Ljøsne, Slinde og Sogndal den 20.09. Me har vurdert frukt frå ulike grunnstammer, og det er viktig at dyrkarane er merksame på at utviklinga er tidlegare på svake grunnstammer (M9) og tre med lita avling. Refraktometerverdien ligg stort sett rundt 10,5 og fastleiken er i gjennomsnitt 7,7. Stivenedbrytinga har gått jamt, og verdiane ligg no på tilrådde verdiar for hausting. Gravenstein er klar til hausting i alle felt me har vurdert, men plukk kvileårs-tre og tre på svak stamme fyrst.
Summerred
Det vart vurdert ein prøve den 16.09, og 3 prøvar den 20.09, frå Slinde, Ylvisåker, Sogndal og Hamre. Refraktometerverdien på Summerred ligg mellom 11 og 12, noko som tyder på svært god kvalitet. Det er likevel stor skilnad mellom område. Fastleiken er knapt 8 kg og stiveverdiane er også innafor det me tilrår for haustestart. Eitt felt på Slinde skilde seg ut med over 8 kg fastleik og mykje stive, så bruk penetrometer og stivetest for å sjekka utviklinga om du er i tvil. Me tilrår at Summerred vert plukka før Gravenstein der desse står i felt som er like tidlege.
Moltke
Det vart vurdert 5 prøvar den 20.09, frå Hamre, Slinde, Fimreite, Nornes og Hermansverk. Fruktene har mjukna sidan sist og har no ein gjennomsnittleg fastleik på omlag 7. Refraktometertalet har auka med mest 0,5 poeng siste veka, og alle prøvane har no fin kvalitet. Måleverdiane viser at fruktene har full utvikling i alle felt, med unnatak av feltet på Hermansverk, der fruktene enno er litt faste. Hausting av Moltke kan ta til for fullt.
Philip
Det vart vurdert 6 prøvar den 20. september, frå Fresvik, Vangsnes, Fimreite, Nornes, Slinde og Nessane. Refraktometerverdien i Philip ligg litt under Moltke, med 10,3 i gjennomsnittsnitt, men det er meir stive att i fruktene (8,1), så kvaliteten vil bli svært god. Felta på Slinde, Nornes og Fimreite har minst fastleik, og er der kan hausting ta til, medan dei andre felta kan hanga litt til, dersom ein har andre frukter å plukka på. For dei som har mykje frukt, og ikkje har andre alternativ, kan ein også hausta utor Philip.
Ingeborg
Det vart vurdert ein prøve av sorten den 20. september. Refraktometerverdien i denne prøven var 11,5 og det var framleis noko stive att (7,1). Fastleiken var komen ned på 6,5, og me vurderer det difor slik at Ingeborg er klar til hausting.
Aroma
Det vart vurdert 7 prøvar med Raud Aroma den 20. 09. Dei fleste prøvane hadde refraktometerverdiar på vel 11, og det er framleis att mykje stive (3,9). Fruktene er enno faste og har ein fastleik på knappe 8. Aroma må hanga ei stund til, og det vil bli gitt ny melding om denne sorten neste veke.
NB! Liste over tilrådde refraktometerverdiar og fastleik for dei ulike sortar er lagt ut på Sognefrukt sine heimesider. (Der ligg også framgongsmåte for bruk av refraktometer og penetrometer). Bruk desse tilrådingane når du gjer vurdering av hausting i eigen hage! Hugs på at refraktometerverdi ikkje må brukast som einaste haustetidskriterium, då det fortel om kvaliteten og ikkje så mykje om utviklinga. Det må sjåast i samanheng med fastleik og stive-innhald. Medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving får gratis jod til stivetesting om de tek kontakt med oss på Njøs. Landbruksrådgivinga sel eller ein perm med fargeplansjar til bruk ved jodtesting og utrekning av Streif-indeks, denne kostar kr 100. I permen er også framgongsmåte for jodtesting skildra.

Haustetilråding per 21sept 2010      Aggregerte_data_Sogn_20.09.10

Marianne Bøthun
Olav Sørum
Liv Hatleli
Stein Harald Hjeltnes