Vurderingar 28.9.10

Haustetilråding 27. september 2010
Rådgjevingstenesta saman med Njøs næringsutvikling har samla inn og vurdert fruktprøvar av Aroma, i tillegg til Moltke og Philip på seinare plassar den 27. september. Fleire dagar med flott vær og kalde netter syner att både i farge og kvalitet på fruktene i Sogn. Ut frå innsamla prøvar har ein kome fram til fylgjande tilrådingar for dei einskilde sortar:
Moltke
Det vart vurdert ein prøve frå Hermansverk. Refraktometertalet har auka og frukta har no ein fin kvalitet. Fruktene har også mjukna sidan sist og gått ned 0,5 kg. Sjølv om dei er noko fastare enn tilrådd (7,3) kan ein ikkje lata frukta hanga stort lengre ettersom det nesten ikkje er stive att. Moltke må haustast og inn på kjøl så snart som råd .
Philip
Det vart vurdert 2 prøvar frå dei seinare plassane Vangsnes og Fresvik, i tillegg til ein prøve frå Slinde for samanlikning av mogningsutviklinga. Fruktene har ein refraktometerverdi rundt 10 i snitt, og kvaliteten på pærene er såleis god. På Slinde er haustinga av Philip allereie godt i gang, pærene er mjuke (5,6) og heng laust. Fastleiken på pærene har falle drastisk siste veka, så Philip må haustast og inn på kjøl så snart som råd.
Aroma
Det vart vurdert 4 prøvar med Aroma frå Hamre, Slinde, Nornes og Balestrand. Det har vore ei fin utvikling og dei fleste prøvane har no ein refraktometerverdi rundt 11,5. Nedbrytinga av stive har starta for fullt i Aroma, og stiveverdien har auka frå 3,6 til 6,4. Fastleiken i fruktene er på veg nedover, men varierer mykje mellom frukter og innan felt. Dette indikerar at ein bør plukke utor frukt etter kvart som grunnfargen kjem på plass. Elles tilseier fastleiken at ein bør vente med å hauste Aroma til slutten av denne veka. Bruk dei tilrådde målemetodane for å vurdera frukta i eigne felt.
NB! Liste over tilrådde refraktometerverdiar og fastleik for dei ulike sortar er lagt ut på Sognefrukt sine heimesider. Bruk desse tilrådingane når du gjer vurdering av hausting i eigen hage! Hugs på at refraktometerverdi ikkje må brukast som einaste haustetidskriterium, då det fortel om kvaliteten og ikkje så mykje om utviklinga. Det må sjåast i samanheng med fastleik og stive-innhald.
Haustetilråding 27 september 2010   Aggregerte data 27 09 2010

Marianne Bøthun
Liv Hatleli
Stein Harald Hjeltnes