Me informerte på vintermøtene at me frå denne sesongen vil krevja plantevern journal registrert i fruktklienten. Mange produsentar er godt i gang med registreringa, men vi skulle gjerne hatt med fleire.
For dei som vil ha hjelp til å komma i gang vil me halda kurs her på Sognefrukt førstkomande måndag 19. juni.
Gruppe 1 vert kl. 13.00 og passar for alle som ikkje er opptekne på jobb.
Gruppe 2 vert kl. 16.00 og skulle passa for dei som er på jobb tidlegare på dagen.
Ta gjerne med eigen PC for å prøva her.