Kurs/ Opplæring i Fruktklienten og ny app

Møte for Sognefrukt vert på Sognefjord Hotel måndag 29.01.2018 kl. 18.00

Det er mange nye funksjonar som er viktig at alle lærer å ta i bruk før kommande sesong. Så møt opp!


Jarle Haustveit ved Hardanger Fjordfrukt skipar til ein møteserie, for å gje deg ein praktisk innføring i korleis du kan oppdatere dine opplysningar i Klienten og analysere din eigen produksjon og økonomi i fruktproduksjonen. Klienten er eit viktig digitalt verkty for heile verdikjeda når det gjeld produksjon og sal av frukt i Noreg. For at det skal vera eit godt verkty for å fylje utviklinga i din eigen produksjon og for å kunne hjelpe fruktlagra med god prognosesetting for sal og optimalisering av prisar, er det viktig at dine tal i Klienten er oppdaterte.

Knut Amund Surlien vil orientere om Sentralmodul
Frøydis Linden vil orientere om Økofrukt

Kurset er gratis.
Føregangsfylke økologisk frukt og bær betalar kostnaden med kurset. Det vert enkel servering.

Temaer på møtet:

  • Praktisk bruk av Klienten med vekt på Prognose og Analyse.
  • Innføring i bruk av app'en
  • Informasjon om Sentralmodul Klient - Gartnerhallen
  • Øko produksjon: Klienten, marknadssituasjon, emballasje og prisutvikling.

24 januar  kl 17-19 Fellespakkeriet, Renskaug vertsgård
25 januar  kl 17-19 Telefrukt
29 januar kl 18-20 Sognefrukt. Sognefjord Hotel (Knausen)
30 januar 17-19 Innvik (kolliderar med GH vest sitt møte, så det er mogelega at denne samlinga vert utsett)
31 januar 08-10 Lærdal
31 januar 17-19 Ullensvang

Møtene på Fjordfrukt og Nå fruktlager vert kombinert med medlemsmøte på Hardanger Fjordfrukt. Usikker dato.

Beste helsing
Jarle Haustveit, Hardanger Fjordfrukt, prosjektleiar
Frøydis Linden, Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Møteserien er støtta Fylkesmannen i Hordaland og Føregangsfylke økologisk frukt og bær.