Pakkeriseminar onsd. 13.11. kl. 11-15

Det vert arrangert pakkeriseminar på Sogndal Hotell onsdag 13. november kl. 11-15.
Seminaret er for alle medlemar i Sognefrukt, Innvik fruktlager og Lærdal Grønt. Her vil det verta informert om prossesen med eventuell samanslåing av dei 3 pakkeria og etablering av nytt pakkeri på Håbakken.
Det vil og verta informert om kva som er alternativet ved å halda fram med dagens pakkeristruktur. Gartnerhallen og Bama vil vera med å presentera deira syn på framtida i bransjen.
Dette er eit viktig møte for å få eit godt grunnlag for vegvalet som våre medlemmar må ta. Vi oppfordrar sterkt til at alle tek seg tid til å få dette med seg.
Sidan det vert servert lunsj treng vi påmelding til seminaret.
Påmeldingsfrist er måndag 11. nov innan kl 0900 på post@sognefrukt.no eller tlf 57 65 34 77

Her finn de programmet for dagen