NLR Vest og Sognefrukt arrangerar fagmøte på plomme
Frammøte i plommefeltet til Lars Eskestrand. (Parkering ved Slindesenteret.) Me ser litt på feltet der det har vore plommepungforsøk. Deretter tek me turen innom Sigmund Lomelde og ser på Reeves, ein del av hagen som har ein del utfordringar.Samlingane startar ute i plommefelt der vi ser på symtom av tresjukdomar; bakteriekreft, sølvglans og rothalsrôte.
Deretter blir det fagmøte på Sognefrukt. Her blir det gjennomgang av dei ulike tresjukdomane; Biologi, korleis førebyggje og bekjempe soppsjukdomane, ved Jorunn Børve. Det blir og gjennomgang av sprøyteforsøka som har gått mot plommepung. Rune vil sei litt om pollinering til plomme og Marianne litt om utfordring/fellefangst av plommeviklar.
Jorunn Børve frå NiBIO Ullensvang blir med oss desse to dagane. Enkel servering på møte innandørs.