Skjeredag med Aad Wisse i kjernefrukt.

Program for skjeredag med Aad Wisse i Sogn onsdag 30.januar 2019

Endre Bjotveit frå NLR Vest er med som tolk. Arrangør er NLR Vest

Pære program: først og fremst Celina av ulik årgang

Kl 9.00
Gunnar Hamre – parker v/ Sognefrukt. Celina m/Anna planta i 2015 og Conference (2017). Skore tilbake våren 2016.
Kl 10.00
Ivar Henjum – parker i tunet. Celina m/Anna til bestøving, begge planta i 2014.
Kl 11.00
Njøs Næringsutvikling – parker i tunet på Njøs. Celina m/Anna i ulike formingssystem planta i 2014.

Kl 12-12.45 LUNSJ PAUSE. Kvar og ein ordnar seg med mat (ein kan evt. eta matpakke i kantina på Njøs) eller ein kjøper seg mat t.d. på Fjordkroa

Eple program: Me ser på ulike sortar og plantingar av ulik alder

Kl 13.00
Ivar Slinde – parker evt. ein del bilar v/Slindesenteret og køyr i lag opp i tunet. Discovery av ulike aldrar; planta i 2005-2012-2015-2018
Kl 14.00
Lars Eskestrand – parker v/Slindesenteret. Summerred planta i 2015-2016-2018 og Raud Gravenstein planta i 2015-2016 + evt. nyplanta (2018) Raud Aroma hjå nabo Geir Helge Slinde om ynskjeleg.
Kl 15.00
Helge Fimreite – parker ved garasjen i svingen over hovudvegen eller under hovudvegen i tunet hjå Cecilie og Agnar Nornes. Raud Gravenstein og Summerred planta i 2014-2015 og Raud Aroma planta i 2011.
16.00 Slutt
Møt opp der det høver best og hugs varme klede/sko!
Deltakaravgift kr 500 /750 per bruk per kultur (pære og/eller eple) for høvesvis medlem/ikkje medlem i NLR. Deltakarliste blir sendt rundt.

Vel møtt!

Utskriftvenleg versjon kan lastast ned her