Rips
Rips finnes som raude, gule og kvite bær, men det er dei raude og kvite som er mest vanleg hjå oss. Den raude ripsen har ein noko friskare og meir syrleg smak enn den kvite. Sylting av rips har vore kjend frå 1600-talet og på 1700-talet var buskene svært utbreidd i landet vårt. I norske hagar finnes det svært mange ripsbusker, men det er liten kommersiell produksjon. Rips inneheld stoffet pektin som gjer at dei egnar seg til gelé og sylting.