Slik blei Sogn Frukt og Grønt til

I september 2020 fusjonerte Lærdal Grønt SA og Sognefrukt SA til Sogn Frukt og Grønt SA. Målsetjinga med fusjonen var å byggje eit nytt felles frukt- og grøntpakkeri i Håbakken i Lærdal.

1.juli 2022 opna det nye anlegget som skal handtere frukt og grønt frå sju kommunar i Sogn. Dei 140 medlemane i Sogn Frukt og Grønt har investert 76 millionar kroner i anlegget, som med sine 6500 kvadratmeter består av pakkesal, kjøle-, administrasjonsdel, lager, Felleskjøpbutikk og Sognasmak. Sistnemnde med sal av lokalmat og -drikke, grøntvarer fra pakkeriet og utsal og formidling av lokale råvarer frå ny butikk i same bygg.

Ein ventar at verksemda i eit normalår vil ha ein omsetnad på om lag 130 millionar kroner – med venta vekst i åra som kjem.

Sogn som fruktregion

I Sogn har ein tradisjon for fruktdyrking heilt attende til 1184.

Næringsrik jord, stabil fjordvarme og god tilførsel av smeltevatn frå breane gjer Sogn og Fjordane til Noregs rikaste fruktfat – fruktfatet.no
— Fruktfatet.no