Kilde: OECDs veileder for aktsomhetsvurderinger for ansvarlig næringsliv (regjeringen.no)

1.      Forankre ansvarligheit i retningslinjer og styringssystem

SFG gjennomgår aktsomheitsvurderingar årleg i samband med leiinga si oppsummering av året. Aktsomheitsvurderinga presenterast for og forankrast i styret for SFG.

 

2.      Kartlegg og vurder negativ påverknad/skade

Openheitslova definerer anstendige arbeidsforhold utfrå FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter frå 1966, FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter frå 1966 og ILOs kjernekonvensjoner om grunnleggande rettigheiter og prinsipper i arbeidslivet. Anstendige arbeidsforhold omfatter også helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, inkludert ein løn å leve av.

Alle produsentane/medlemane til SFG virker i Sogn/Noreg. Dei er medlem hjå SFG, samt medlem i Gartnerhallen SA. Produsentane er plikta til å følgje Gartnerhallen sine etiske retningslinjer, og følgje norske lover og reglar i si forrentningsdrift. Produsentane si verksemd skal ha system for HMS, minsteløn osv, samt at alle arbeidarar skal ha full organisasjonsfridom. Alle produsentane som leverer til SFG, skal rapportere i KSL og ha lukka avvik før levering.

SFG vurderer det slik at Gartnerhallen sine aktsomhetsvurderingar overfor deira/våre produsenter, er gjeldande også for oss. Gartnerhallen sine vurderingar av produsentane, har ikkje avdekka nokon negative konsekvensar eller vesentleg risiko for negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold. Åpenhetsloven | Gartnerhallen

SFG sin Felleskjøpetbutikk er tilknytta Felleskjøpet Agri. SFG er eit innkjøpslag i Felleskjøpet og er underlagd rettar og plikter i Felleskjøpet. Blant anna plikta til å kjøpe varer gjennom felleskjøpetsystemet. Felleskjøpet har gjort aktsomheitsvurderingar knytt til sine leverandørar, som igjen blir SFG sine leverandørar. Felleskjøpet har inkludert innkjøpslag som SFG i oversikta over kven dei representerer. SFG viser til aktsomheitsvurderingane Felleskjøpet har gjort. Bærekraft og samfunnsansvar | Felleskjøpet.no (felleskjopet.no)

 

3.      Stans, forebygg eller reduser negativ påverknad/skade

SFG skal aktivt forebygge, redusere eller stanse brudd på menneske- og arbeidsrettigheiter. Dersom aktsomheitsvurdering viser behov for risikoreduserande tiltak, vil det bli vurdert kva tiltak som er eigna basert på type risiko og SFG sitt høve til inflytelse i det enkelte tilfellet.

Om aktsomheitsvurderingar fører til iverksetting av risikoreduserande tiltak, så skal desse følgjast opp, til dømes gjennom planar og tilsyn/revisjon. Der det også berører Gartnerhallen eller Felleskjøpet sitt arbeid, skal SFG samarbeide med dei aktørane om dette.

 

4.      Kommunisere

SFG skal rapportere og kommunisere ærleg om arbeidet med aktsomhetsvurderingar på sognfg.no og gjennom ordinær årleg virksomhetsrapportering. Ved eventuelle brudd/avvik, vil SFG ha ein direkte dialog med dei som omfattes av det enkelte tilfelle. SFG skal svare på spørsmål og henvendingar i tråd med fristane fastsatt i Openheitslova.

 

5.      Rette opp

Dersom det oppstår avvik i eigen verksemd, vil SFG sjølv rette opp i dette. Me vil elles bruke vår innflytelse og regelverk til å bidra til at avvik avdekka andre stader i verdikjeda blir retta opp i.

 

Anna arbeid

·       Alle produsentar som leverer råvarer til SFG skal ha godkjend KSL

·       Produsentar med arbeidsgjevaransvar må gjennomføre arbeidsgjevarkurs

·       SFG formidler jamnleg eigen informasjon, informasjon frå Gartnerhallen, Bama, NLR om gjeldande reglar

Openheitslova

Openheitslova trådte i kraft 1. juli 2022. Sogn Frukt og Grønt SA(SFG) har ifølge denne lova plikt til å utføre aktsomheitsvurderingar og greie ut for desse. Lova si hensikt er å fremme verksemder si respekt for grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tjenester, og sikre allmennheita tilgang til informasjon om korleis verksemder handterar negative konsekvenser for grunnleggende menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold.

Ifølge OECD retningslinjer for fleirnasjonale selskap skal aktsomheitsvurderingar forståast som ein prosess der selskap kan kartlegge, forebygge, begrense og greie ut for korleis dei handterer eksisterende potensielle negative konsekvenser for si verksemd.