Aprikos
Aprikos er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til, og kjem frå Kina. Den blir dyrka også sør i Europa ved Middelhavet. Aprikos er mykje lik i størrelse og form som ei plome. Det saftige fruktkjøtet omsluttar ei hard kjerne. Skalet er loddent med ein oransje eller mørk gul farge. Smaken er svakt syrleg og frukta vert eten best som den er.