Eple
Eplet har eit tynt skal som kan etast, som enten er grønt, gult raudt eller gulraudt. Fruktkjøtet er fast og i midten av eplet er det eit kjernehus som fjernast om ein skal nytte eplet til matlaging. I Noreg var det munkene som først starta med fruktdyrkinga. Dei skjøna tidleg at Hardanger var ein godt eigna stad for dyrking, og sidan har det blitt dyrka eple heilt opp til Møre og Romsdal. Ein kjenner til fleire tusen forskjellige eplevariantar som er avla fram i ulike produksjonsland, tilpassa dei lokale dyrkingshøva. Difor kjem det stadig nye variantar på marknaden - medan gamle går ut.