Moreller
Moreller er ei steinfrukt i slekt med plommer. Moreller og kirsebær omtales ofte om kvarandre, men kirsebær er eigentleg eit namn som omfattar to hovudgrupper: Søtkirsebær, som i Noreg blir kalla moreller, og surkirsebær, som me kallar kirsebær.
Morelltrea kjem opphavleg frå Kina der dei har vore dyrka i 4000 år. Moreller blir no dyrka i alle verdsdeler. Det er to sesongar for moreller, ein på den sørlege halvkula og ein på den den nordlege. Aller sist i den nordlege morellsesongen kjem morellene frå Lærdal. Lang vekstsesong, mykje lys, godt jordsmonn og rikelege mengder friskt vatn gjev morellene frå Lærdal den gode smaken.