Hageblåbær
Hageblåbær er kryssingar mellom fleire nordamerikanske arter. Buskene vert omkring 1 til 2 meter høge, alt etter sort og kultur. I forhold til ville blåbær, er hageblåbær svært store. Vanleg bærvekt er 1,5 til 4 gram. Bæra er fargelause inni, noko som gjer at dei ikkje fargar av på tenner og klede. Smaken minner om vanlege blåbær, men er kanskje noko søtare. Plantene brukar seks til ni år på å nå full produksjon. Bæra heng i klase og modnar eitt for eitt.