Jordbær
Ein krysning av dei beste jordbærplantane frå Nord- og Sør-Amerika med dei beste europeiske artane førde til dei store, sterkt duftande og saftige jordbæra slik me kjenner dei i dag. Ei vidareutvikling av planta har ført til tusenvis av forskjellige jordbærvariantar for å tilfredstille ulike klimatiske forhold i dyrkarlandet, smakseigenskapar, størrelse og haldbarheit. Eigentleg er jordbæret ein oppsvulma blomsterbotn som inneheld bitte små jordbærfrø som botanisk sett er nøtter.